Cognac i posten/Hamskifte

For ei god stund sida tinga eg ny bunad til mitt Nikon FA med MD-12 motor frå Morgan Sparks. Det har teke si tid, men i dag låg det ein brun konvolutt frå Amerika i postkassa.

Originalt kamera frå 1984 i sylv og svart

Her er skinnet på baksida fjerna

Av med gamalt, litt nytt er på veg

Ah.. Cognac Lizard skin er på plass!

Motoren MD-12 har også fornya seg. Med store flater var det så vidt Morgan hadde nok skinn til heile motoren.

5 Responses to “Cognac i posten/Hamskifte”

  1. fatter'n Says:

    ….og eg som har gleda meg til bilete frå Sørøya, ventar eg forgjeves? helsing mor

  2. Håvard Says:

    Ventar på at skannaren skal kome i posten, og på bileta. Det tek 14 dagar å få framkalla dias her i byen..

  3. andreas Says:

    Noregs mest sexy Nikon. Utan tvil. Eg lurer, tek det betre bilete no?

  4. admin Says:

    Ja, faktisk mykje betre bilete!

  5. K. Says:

    Sexy? Tja, om porno vert vurdert slik… Grattis i allefall.

Leave a Reply