Archive for september, 2006

Confit de canard - endelig!

laurdag, september 23rd, 2006

Ja, så var dagen komen og eg har gjord ferdig andeconfiten. Etter å ha skylt vekk salt og krydder og kokt ut feittet som kom frå Tromsø denne veka, stod andelåra i omnen i om lag åtte timar ved ca 90 grader.

Andelår med grovsalt og knust nellik, anis og svart pepar.

Låra har kokt i timesvis

Rottelik […]

Ny lenkje

laurdag, september 23rd, 2006

Sjekk ut Norsk Bane, dette kan vere måten å reise på i framtida, i allefall sørpå. Mange gode argument og sida er også på nynorsk!

Vêret..

onsdag, september 20th, 2006

Og til dykk der på vestlandet med sumartemperatur og sol og greier; no haglar det her i Hammerfest og det er 1,1 grader! Trur eg set på omnen..

Andefeitt II

onsdag, september 20th, 2006

No er andelåra og andefeittet i hus og ligg til tining. Så på fredag startar truleg confit-makeriet. Endeleg! Vonar eg har nok glas og stor nok eldfast form..

Cognac i posten/Hamskifte

tysdag, september 19th, 2006

For ei god stund sida tinga eg ny bunad til mitt Nikon FA med MD-12 motor frå Morgan Sparks. Det har teke si tid, men i dag låg det ein brun konvolutt frå Amerika i postkassa.

Originalt kamera frå 1984 i sylv og svart

Her er skinnet på baksida fjerna

Av med gamalt, litt nytt er på […]

Sørøya nord

måndag, september 11th, 2006

I helga skulle eg endeleg få stige i land på Noreg si tredje største øy, Sørøya, den nordligaste delen av Hammerfest kommune. Kona og eg pakka ned klede og mat for ei helg og Gunnhild og Bjørnar kom like godt budd frå Alta. Frå Akkarfjord gjekk vi mot vest og gjennom Eidet til Storsanden, ei […]