Svartfjellet og sommar

Så kom faktisk sommaren til Finnmark! Det har vore nokre fine dagar med opp til 20 grader og sol heile tida. På sundag fekk vi med oss mykje fin ungdom og tok turen over mo, myr og ur til Svartfjellet, 630 moh, Kvaløya sitt høgaste punkt.

For detaljfetisjistane kan eg nemne at vi køyrde til Grøtnes gjekk til toppen etter framlegg frå turkartet over Hammerfest (stipla line på kartet), og så gjekk vi ned att mot nordvest og kom ned i Fjordadalen. Vi var ute i nærare åtte timar og fekk mykje sol på kroppen. På toppen vart det niste og kaffi og kjeks og sjokolade vart send rundt.

4 Responses to “Svartfjellet og sommar”

  1. Øyvind Says:

    Takk for flotte bilete. Eg har detaljkartet med til Trondheim, og har sett på ruta. Men eg tok kartet med hit vesentleg for å sjå på det i lag med ein av kursdeltakarane. Så no er eg invitert på kaffibesøk på Elvevoll i Husfjorden på Sørøya - ikkje den lettast tilgjengelege staden.

  2. admin Says:

    He he, ta med tørrdrakt eller gode sko! Eller så må du begynne å leite etter båt på finn.no, kanskje? Dessutan burde det vel vore fullpensjon på slik ein plass..

  3. fatter'n Says:

    Etter bileta å døme skulle ein tru det var ein Himalaya-ekspedisjon som nett hadde nådd det ultimate toppunktet……..
    eller kanskje ein av Sunnfjord-alpane.
    Vakkert ser det ut, i alle fall.
    Eg har hatt nokre fine turar også denne sommaren, der høgdepunktet var Leirhø (2330 m.o.h.) i Jotunheimen, min fyrste 2000 meter, i godt lag med bror Magne. Eigentleg ikkje noko å skryta av for min part, når han opplyser å ha passert ca. 45 toppar på over 2000 m.
    Du Håvard kan nå mange slike innan du rundar 50…………………

  4. DrLeiv Says:

    Gratulurer! Håper dåke las litt i hytteboka på toppen. Eg var der i 2004 og koste meg over å lese om konkurransen dei to lokale karane, Johansen og Olsen, hadde om å vere den første på toppen kvart år. Typiske sitat i boka var:

    01.01.01 klokka 1300 Ja, så vart eg den første på Svartfjellet i år. Johansen
    01.01.01 klokka 1545 Olsen

    Og så neste år:

    01.01.02 kl 1145 Flott tur til Svartfjellet. Olsen
    01.01.02 Johansen.

    Og slik veksla det år for år, sjølv om det virka som om Johansen var den med flest “sigrar” basert på ei rask gjennomlesning av hytteboka.

    Eg kommenterte på sjukehuset at eg fann denne duellen svært interessant. Då fekk eg vite at dei to karane hadde halde på slik i årevis, og at det vart verre og verre for kvart år. Begge var visst over 70 år, og Johansen hadde sist nyttårsdag lagt i veg klokka 0500 om morgonen! Med pulk slik at han kunne “grave seg ned” om veret skulle bli for ille!

    Uansett, vi er nok alle einige om at det er ein fin tur.

Leave a Reply