Archive for august, 2006

Svartfjellet og sommar

tysdag, august 29th, 2006

Så kom faktisk sommaren til Finnmark! Det har vore nokre fine dagar med opp til 20 grader og sol heile tida. På sundag fekk vi med oss mykje fin ungdom og tok turen over mo, myr og ur til Svartfjellet, 630 moh, Kvaløya sitt høgaste punkt.

For detaljfetisjistane kan eg nemne at vi køyrde til Grøtnes […]

Med skjegget fullt av postkassar

tysdag, august 29th, 2006

Jau skjegget det veks sakte men sikkert, som de kan sjå. Men eg trur ikkje eg gidd å ha det så mykje lenger. Det er ikkje alle i mine omgjevnader som er like positive til veksten, og etter kvart må nok skjegget takast.

Sanke og søkke på Sennalandet

fredag, august 18th, 2006

Årets moltetur ™ til Sennalandet gav 333 gram. Ingeborg plukka litt blåbær også. Anette og Elisabeth var også med. Det var vått og moltene var ikkje så fine. Litt seint i sesongen kanskje. Eg fekk i det minste i meg like mykje blåbær som Håkon Lie. (Ein kopp om dagen).

Der var sommaren over..

måndag, august 14th, 2006

Så var eg attende i Rypefjord. Elleve grader og overskya.
Men sumaren sørpå var fin. Mykje bading i Førde. Litt rart å vere i Førde. Eg har ikkje budd der sidan 1997, og seinare har eg ikkje vore så mykje attende, berre i jula og ein kort tur om sumaren. Førde er ganske unik i […]

Med foten på bremsen inn i privatbilismen

fredag, august 4th, 2006

Eg fekk i går sitje i førarsetet i ein bil og prøve meg litt som sjåfør. Dette var fyrste gong på ni år. Under kyndig rettleiing frå svigerfar fekk eg gasse, kløtsje, køyre i tredjegir og sjølvsagt kvele bilen nokre gonger..
Vi får sjå kor det ber hen vidare.

Varme ting

onsdag, august 2nd, 2006

Etter godt og vel ei veke sørpå har eg no tint opp og huda mi har fått nyansar av rosa og lysebrun. Det har vore fokus på bading og avslapping. Eg fått lese nesten alt som står i nyaste nummer av Syn og Segn, Vinfurum og Carl’s Cars. Levi Henriksen si “Snø vil falle over […]