O-fag
Solotur i går i nydeleg sumarver. Byrja i Reindalen og vidare til Steindalen, Steinfjellet og til Rikardvann. Der vart det fisking. Fekk fisk på fyrste kast! Ok storleik, men han fekk leve vidare. Etterpå fekk eg tre som var litt mindre. Tok vonaleg fine bilete på ljosbiletefilm frå Agfa. Då eg skulle returnere til sivilisasjonen tok eg mot Storfjellet og gjekk ned alpinbakken, over Prærien og Hyggevatn og ned Blåbærlia til Storvannet. Derfrå opp Baksalen, Blinken og Sukkertoppen, ut ein port i reingjerdet og under Tyven og heim att. Var sliten og lett solbrend. Av fauna eg såg på turen, kan eg nemne rype, rein, aure, mygg, måse, og tyvjo (daud).
juli 3rd, 2006 at 12:16
Som innehavar av 10 vekttal i namnegransking slår det meg at geografiske namn(norske) der nord er av ganske ny dato. Dei har soleis stadig ei tydeleg(synleg) tyding. Om du skulle ha lyst skriv dei ned saman med ei kort forklaring på kva namnet omfattar av landskapsformer osv…så burde du etterkvart ha nok materiale til eit grunnfag i nordnorsk namnelaging!
juli 5th, 2006 at 0:24
Eg vil gjerne sjå bileta. Og ein kommentar til E: Dei geografiske stadane har gjerne namn på samisk også, dei er ikkje like gode å skjøne. Og lengst nord på Kvaløya ligg Forsøl, med ein steinalderbuplass. Det hadde vore kjekt å vite kva det namnet kjem av?
juli 5th, 2006 at 18:48
Gåtefulle Forsøl..
(intern spøk)..
juli 6th, 2006 at 13:42
Det hadde og vore moro å sjå forskjellen i tydinga på dei samiske og dei norskspråklege stadnamna, for det er vel lite truleg oversettingar…. Forsøl…..hmm…ingen aning! Men, det er kanskje muleg å finne ut.