Dorging i Ersvika
sundag, juli 23rd, 2006 .. men null sjørøye..
Litt kattefisk.
.. men null sjørøye..
Litt kattefisk.
Vestfinnmark ein fredagskveld seint i juli: 8,6 grader, duskregn og lett bris. Eg er innandørs og kosar meg med litt raudvin frå Frankrike, ein Chambolle-Musigny 2003 frå Jacques-Frédéric Mugnier. Kva er det slags vin, tenkjer du kanskje? Vel, hadde eg skrive at eg sat og kosa meg med ein pizza Grandiosa, hadde det ikkje vore […]
Sumaren let vente på seg her nord. Sykla heim frå byen i dag og skulle ønskje eg hadde teke med vottar! Motvind og 8-9 grader er ikkje så kjempekjekt i lengda. Men snart fer eg sørover mot shorts-ver, is og bading. Ah..!
Ja, så har eg mista nok ein 12 grams Sølvkroken Spesial. (Den fjerde i sommar?) Men denne gongen sat den ikkje fast i botnen, men i munnviken til ein om lag 2 kilograms aure. Eg fekk han heilt inn, men då eg skulle løfte han på land, rauk snøret. Det er med andre ord på […]
Her kjem beviset. Dette er teke etter 14 dagars sparing.
På haka og i barten gror det fint og ganske tett.
Men som de ser er det tynt her på sida. Vonar det vil ta seg opp..
Jau, ryktene er sanne! Eg prøver å samle til skjegg. Som dei som kjenner meg sikkert skjønar, vert dette ei langdryg afære. Det veks seint og ujamnt. Ikkje er det så tett heller. Men eg har halde på no i godt og vel to veker, og har ikkje tenkt å gje meg med det fyrste. […]
På laurdag hadde vi gleda av å verte invitert til middag hjå Thomas og Anette med ingrediensar frå sjøbotnen utanfor Strømsnes, 6 km frå der vi bur. Thomas og faren hans hadde dykka og henta opp alskens godsaker. O-skjel, haneskjel, sneglar og kongekrabbe vart servert gratinert, grilla og dampa. Mmm.
Ja, så har eg endeleg fått meg ein Cosina CX-2. Kjøpt på fransk Ebay frå ein kar i Barcelona. Dette fotoapparatet frå 1982 vart kopiert av den sovietiske Lomo-fabrikken, og har sidan slutten 90-talet gjort stor suksess som kultkamera. Lomo LC-A fekk diverre aldri nokon motor, men det gjorde Cosina CX-2. Veldig tøft […]
Solotur i går i nydeleg sumarver. Byrja i Reindalen og vidare til Steindalen, Steinfjellet og til Rikardvann. Der vart det fisking. Fekk fisk på fyrste kast! Ok storleik, men han fekk leve vidare. Etterpå fekk eg tre som var litt mindre. Tok vonaleg fine bilete på ljosbiletefilm frå Agfa. Då eg skulle returnere til sivilisasjonen […]