The Winter strikes back
Ja, så var det plutseleg vinter att her nord. Sludd og vind og kald å sykle til arbeid. Vel, det er ikkje anna å gjere enn å bite tennene saman, fyre opp litt kakao og lese ei bok. Held førebels på med gamal krim. Nero Wolfe-bok av Rex Stout.
mai 14th, 2006 at 13:08
I dag, søndag 14. mai, sludda det til og med i sørlege Førde! Eg les også bok, frå endå sørlegare breiddegrader: “Extra Virgin”, om eit Italia-opphald litt utanfor dei mondene piazzaene, sett gjennom brillene til to engelske ladies.
mai 14th, 2006 at 14:00
Då var eg ferdig med krim og skal i morgon låne meg ei ny bok på biblioteket. Det vert Humlehonning av den emminente svensken Torgny Lindgren.