Archive for mai, 2006

Over fjord, rundt eit nes, over hei, over vatn, til eit tjern

sundag, mai 28th, 2006

I 23 knops fart frå Fuglenes til Eidvågen, nye slukar og pølser i sekken, lys, regn, gå i lyng, ro over vatn, tåke, kaste, ikkje få fisk, kaste, miste finfin røye på 6-700 gram, fryse på beina, tenne bål, coffie and cigarettes, fiske litt til, chips, dorge over Eidvågvatnet tilbake, ta på tørr kjeledress, suse […]

They travel the earth, I drink the soil

onsdag, mai 24th, 2006

Ja no er gamlingane og søster Guro i Italia og kosar seg med bading og pizza på piazzaen. Broder Frode kom for ikkje lengje sidan attende frå Europaturné med bandet sitt Ungdomskulen og Datarock og dei var innom til dømes Amsterdam, Gent, Køln, Paris, Schaffhausen, Zurich, Wuerzburg, Berlin, Glascow og London.
Eg sit i Hammerfest og […]

Ei helg under Veggen

sundag, mai 21st, 2006

Finfin helgetur til Statoilhytta på Nordmannsnes på Seiland. Fisking og god mat og drikke. Det vart kvelt nedpå både Amarone og Vinho Verde. Ingeborg gav våre nye vener ein rundtur med Seilandpakka ™ (skulen, laurdagskafé på butikken og tur til toppen over Hønseby).

To fulle menn..

Utsikt vestover frå badet klokka 0200. Fjellet Veggen (589 moh) i […]

17. mai-tog

onsdag, mai 17th, 2006

Las i svenske Allt om Hobby at NMJ kjem med modell av BM 64, som i etterkrigstida gjekk på Flåmsbana og no nedlagte Haradangerbana. Flott. Modellen er i skala Ho eller 1:87 og vert levert i originalversjon og modernisert utgåve. Prisen er finfine 8995 kroner.

La humla suse

sundag, mai 14th, 2006

I morgon skal eg på biblioteket å låne Humlehonning av Torgny Lindgren. I fjor var eg så heldig å få boka Hakkepølsa som er kjempefin. Takk til I. Tenkte eg måtte prøve noko meir av denne forfattaren. Medan eg skriv dette høyrer eg på eit opptak av radioprogrammet Herreavdelingen, der dei snakkar om humler. Hm.. […]

The Winter strikes back

laurdag, mai 13th, 2006

Ja, så var det plutseleg vinter att her nord. Sludd og vind og kald å sykle til arbeid. Vel, det er ikkje anna å gjere enn å bite tennene saman, fyre opp litt kakao og lese ei bok. Held førebels på med gamal krim. Nero Wolfe-bok av Rex Stout.

Cruise i Sørøysundet

måndag, mai 1st, 2006

På sundag vart det tur på fjorden med M/S Renøy og I og svigerfar. Vi var innom Akkarfjord, Skippernes, Hellefjord, Lundhamn, Lotre, Langstrand, Slettnes og Kårhamn.