Påskebøker
Påska er for somme tid til å lese. Eg skal arbeide dei fleste dagane, men innimellom skal eg lese i ei bok eg kjøpte på amazon; ein biografi om Marie Antoine Carême, den fyrste kjendiskokken i verda. Omslaget er frå kjøkenet i The Royal Pavilion i Brighton, ein stad eg faktisk har vore, 189 år etter at Carême kokte for prinsen av Wales, Georg IV.
Dersom eg vert ferdig med den, har eg tenkt å lese Marita Liabø sin nye roman Under brua.
april 15th, 2006 at 17:55
Jaudå, har lese ut biografien og er godt gong under brua. 15.04.06 kl: 1755
april 23rd, 2006 at 11:51
“Appelsinpiken” av Jostein Gaarder: ei lita lefse, fin kjærleikshistorie, litt labyrintisk (typisk Gaarder!), ein dash filosofi (også typisk G.)
Vel verd å lesa!
april 23rd, 2006 at 15:40
ok, vi får sjå far. men eg har ein del andre i bunken også.. no går det i gastronomisk historie den slags. notaker, carême, dege osb. har også kjøpt brillat-savarin sin smakens fysiologi på engelsk til ein billeg penge.
april 26th, 2006 at 15:57
“Betre børi du ber ‘kje i bakken enn mannevit mykje”, heiter det som kjent i Haavamaal (- eller var det Haavard-maal?)
Imponert over di leseinteresse, ditt mannevit aukar monaleg………………