Archive for april, 2006

Andefeitt

fredag, april 28th, 2006

Dersom eg får tak i andefeitt skal eg pinameg lage litt confit de canard/poulet/oie. Det er godt. Kanskje eg må tinge meg ei flaske Volnay å ha til. Ah! Eller Chambolle, eller Gevrey..

Livres francaise

onsdag, april 19th, 2006

Det er kjekt å tinge bøker på amazon, der er det mykje spanade og somme tider rasande billig. Mitt siste kjøp var eit par bøker på fransk (sic) av Marie Antoine Carême og Jean Anthelme Brillat-Savarin. Dei kosta mindre til saman enn det vart i frakt! Skammeleg. Men så har jo forfattarane vore daude i […]

Rock

tysdag, april 18th, 2006

.. og slik går no dagane omset 70-tals psykideliarock til norsk.
pengar
pengar, hu hei
få deg jobb med bra løn og du er okei
pengar gi gass
ta til deg det du kan og putt dei i di madrass
ny bil, god stil, lykke med opsjon
eg trur eg kjøper FC Wimbeldon
pengar går ut og inn
formen fin men hald deg langt […]

Påskeoppsummering

tysdag, april 18th, 2006

Dagar eg har jobba: sju. Skiturar: ein. Bøker eg har lese: to. Gode begge to. Chipsposar eg har ete: tre. Påskeaviser som er laga lenge før dei kjem i sal som eg har lese: to, VG og Dagbladet. Dagar med fint ver her i Hammerfest: nesten alle. Dagar eg har gått til jobb: fire. DVDar […]

Påskebøker

onsdag, april 12th, 2006

Påska er for somme tid til å lese. Eg skal arbeide dei fleste dagane, men innimellom skal eg lese i ei bok eg kjøpte på amazon; ein biografi om Marie Antoine Carême, den fyrste kjendiskokken i verda. Omslaget er frå kjøkenet i The Royal Pavilion i Brighton, ein stad eg faktisk har vore, 189 […]

Eg prøver meg på ein 17-åring..

sundag, april 9th, 2006

Kva gjorde du i 1989? Eg var ti år gamal, budde på Sunnfjord Folkehøgskule og var mest interessert i fotball, lego og frimerker. Ute i verda skjedde det store ting. Austblokka kollapsa, Berlinmuren fall og den kalde krigen var over. Åge Aleksandersen, TNT og Return var populære norske artistar. Madonna sang Like a prayer og […]

POP

fredag, april 7th, 2006

.. og slik går no dagane omset eit omkved som har sett seg i hovudet mitt til ditt favorittspråk, norsk.
langt borte
men ein rikstelefon
og to e-brev frå deg
gjev meg ei hangande von
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har […]

Mellom bannande baillhestar og røykande røyer..

måndag, april 3rd, 2006

He he, ja det har seg altså slik at eg no tener to herrar, eller eigentleg ein herre og ei kvinne. Eg har fått meg ekstrajobb som konditor på byens bakeri. Der vert eg gåande mellom jenter, medan mine kollegaer på kjøkenet på Rica er gutar alle saman. Dette til orientering.

Noiseless

måndag, april 3rd, 2006

Finst det analoge klokker som ikkje tikkar?

Eidvågen-Tinnhytta-Eidvågen

sundag, april 2nd, 2006

Nydeleg skitur på Seiland på laurdag. Ågot var på besøk. Vi gjekk i scooterspor og finvêr under Eidvågtind. Runar ringte seinare på dagen og sa han var på Tinnhytta og sat og las det vi hadde skrive i hytteboka. Det er ikkje berre på internett ein legg att spor..

Søstrene Sisters sjekkar kartet

Eidvågtind, 594 moh

Vassbuktvatnet, 143 […]