Kameraquiz til Endre og Arild (og evt andre som slengjer seg på)

Fekk (som så altfor ofte) med eit reklamebilag med BT som eg kjøpte i går på Narvesen i Hammerfest. Der oppdaga eg eit gamalt rangefinderkamera i hendene på ein skinnjakkekledd modell. Quizen har eitt spørsmål og det er:

Kva kameramodell er dette?

Vinnaren får premie!!

9 Responses to “Kameraquiz til Endre og Arild (og evt andre som slengjer seg på)”

  1. A. Says:

    No har eg tenkt ein heil del, men eg finn ikkje heilt ut av dette? Det liknar både på ein del Konica- og Minolta-kamera. Kva er premien då? Er den verd å leggje seg i selen for?

  2. Endre Says:

    Har ikkje tenkt så mykje, men ser for meg (muleg eg kjem att seinare med betre forsøk) ut som eit kamera over same lest som Konica C35 som eg trur var sett saman av Cosina og har mange børde og søstre ute i kameraverda som er nesten identiske. Mellom anna Ricoh, Minolta, Petri, Cosina har liknande modellar. Det er i hovudsak tre ting som gjer at eg trur dette kan vere i nærleiken. Utløysaren, tidsutløysaren og at eg meiner å skimte ein “blitzsko” på toppen som nok ikkje er ein hotshoe. Likeeins tyder det vesle frontelementet på at dette er ein type 2,8 objektiv. Så ingen dyr fancy kameramodell…men eit kamera i 100-200kr klassen. Dette kameraet er heller ingen ekte rangefinder…då den ikkje har kopla avstandsmålar! Ser no at den har same opningsmekanisme på baklokket som den tidlegare omtala Konica C 35. Jaja….dette vart mykje likevel..lever eg opp til kameranerdenivået mitt no?

  3. Endre Says:

    Ser ut som eg gjekk på ein smell…om det er tilfelle at det er eit rangefindervindauge eg (ved nærare gransking ser midt på kameraet….) Må drikke litt øl og tenke på det til i morgon! Var forresten på ungdomskulen førre laurdag. Det var rock av beste sort!

  4. Endre Says:

    Rota meg skikkeleg på viddene her….uffa…

  5. Endre Says:

    Olympus 35 RC…..men får det ikkje heilt til å stemme!

  6. admin Says:

    Ja, det er fint at de prøver dykk! Eg kan røpe at premien er søt og kan etast.

  7. Endre Says:

    Olympus 35 RC…..no er eg nesten 100 sikker. Eg burde ha skjønt at det var ein Olymmpus med ein gong! Er litt sint på meg sjølv av den grunn. Olympus E Zuiko 42/2,8 er objektivet.

  8. .com Says:

    Olympus 35 RC:
    http://www.cameraquest.com/olyrc.htm

  9. admin Says:

    Ser ut som om eg må sende ein premie til herr Holen. Han var litt ute å køyre ein stund, men henta seg fint inn att. Han kunne kanskje nemnt at det sit eit sylvfarga filter på objektivet, noko som lurte meg litt.

Leave a Reply