Bokoppsummering
Veret har vore ein del dårlig i vinter og difor har det vorte ein del inneaktivitet. Mellom anna lesing. Desse bøkene har eg lese i år, og nokre av dei var så gode at andre truleg ikkje vil ta skade av å lese dei. Den uendelige historie II av Michael Ende. Tyl av Finn Tokvam og Halvor Folgerø. Ut og stjæle hester av Per Petterson. Ein fin bok som eg kan tilrå andre. Doppler og Volvo Lastvagnar av Erlend Loe. Svært lettlesne, men underhaldande bøker. Trynefaktoren av Torgrim Eggen. Eg hadde lyst å lese ei skjønnlitterær bok av denne mat- og vinglade skribenten. Litt manglande driv i boka, men ganske underhaldande om “Norges” politiske elite og maktkamp. Gymnaslærer Pedersens beretning om den politiske vekkelse som har hjemsøkt vårt land av Dag Solstad. Lærerikt om 70-åra og AKP(ml). Vonar filmen kjem hit til Hammerfest om ikkje lenge..
mars 8th, 2006 at 13:46
Takk for tips! Her har du eit i byte; Henning Mankell - Leopardens øye. Handlinga er lagt til Afrika, og det er ikkje krim.
Eg har god tid til å lese bøker, men det er vanskeleg å prioritere noko som helst framfor å sjå Curb your enthusiasm på DVD. For oss som likte The Office er dette eit must. Trur serien går på NRK2 for tida, men kva er poenget med å sjå på TV når ein kan kjøpe heile sesongar for 12 pund stk på play.com?