Tilbake på telenettet
måndag, mars 27th, 2006Ja, då har eg fått nytt SIM-kort, så berre ring meg ned!
Ja, då har eg fått nytt SIM-kort, så berre ring meg ned!
I går var det klart for ein skitur i skiftande ver. Målet var Rundvannshytta. Vi smurde med lilla og hadde ok feste og dårleg gli. Vi fylte opp bilen med Anette, Elisabeth og Katrine og nådde fram etter to timar i skuterspor og motvind. Vi hadde ikkje med kamera på denne turen, så de får […]
Det er sjeldan nokon ringjer til meg, men no er det faktisk ikkje mogleg i det heile. Det skulle kome eit nytt SIM-kort frå min teletenesteleverandør, men det vart send til mi førre adresse. No har det kome i retur og er send ut att, så vonaleg har eg det på mandag. Skulle det […]
Når ein er i butikken for å handle har ein ofte eit val mellom ulike merker, kvalitetar eller typar. Mange har sine favorittar og handlar alltid Stabburet sin leverpostei, sjølv om det kanskje er tilbod på eit anna merke. Nokre har falle for den nye idéen tubesyltetøy, og bryr seg ikkje om det er Lerum, […]
I dag er det dagen til Ingeborg, læraren, latinofreaken, korleiaren og joggejenta.
Hurra for kona mi!
De mange tusen lesarar av denne bloggen som har sakna vinstoff i det siste kan no flytte fokuset til vinpressa.no, som er ei side eg har laga for å få utlaup for vinøst skribleri. Lenkjen vert også å finne på høgremargen til seinare bruk. Eg vil takke kompanjong og structural engineer Håvard Grimelid, som har […]
Etter at eg har flytta ut hit til ytterkanten av den norske sivilisajon, har det vorte dårlegare med oppdateringar frå Bjørgvin. Difor er det ein nyhende for meg å lese i vekeavisa Dag og Tid at Bogekorpsa (ja eg skriv det slik, de oppsternasige, militærkledde bråkebøtter) (spesielt Sydnæs Bataljon) har tenkt å informere studentane om […]
Fekk (som så altfor ofte) med eit reklamebilag med BT som eg kjøpte i går på Narvesen i Hammerfest. Der oppdaga eg eit gamalt rangefinderkamera i hendene på ein skinnjakkekledd modell. Quizen har eitt spørsmål og det er:
Kva kameramodell er dette?
Vinnaren får premie!!
I kveldens Bokprogrammet på NRK1 var det samtale med Marita Liabø om hennar nye bok Under brua som kjem ut snart. Dette er visstnok ei systemkritisk bok om å stoppe opp å tenkje over dei viktige tinga i livet. Flotte greier! Eg har ikkje lese nokon av dei førre bøkene hennar, men ho har skrive […]
består av vegetarianarane i The Smiths, der eg frå albumet “Hatful of Hollow” tek med:
* This charming man
* How soon is now?
* Heaven knows I’m miserable now
Karane gjekk kvar til sitt i 1987 etter berre fem år som gruppe, men Morrisey held fram som soloartist og eg har høyrd på desse fine songane:
* Suedehead
* The […]