Vareteljing

Det var tid for opprydding i sjokoladeskåpet. Eg fekk ein del sjokolade av svigerfar til jul, han hadde vore på eit raid på Schipol, og denne måtte plasserast i påvente av konsum. Sidan eg fyrst var i gong med opprydding og sortering, eg sortere etter merke og årgang (!), kunne eg likesågodt vege sulamitten og det viste seg at vekta vår ikkje går lenger enn til fem kilo. Det var endå litt att på benken som ikkje kom med på vekta.. Dersom nokon skulle forville seg på besøk til oss her nord skal det ikkje stå på sjokolade, for å seie det sånn. Eg hadde for nokre dagar sidan ei vertikalsmaking av Valrhona Ampamakia (årgangssjokolade med kakao frå ein einskildplantasje på Madagaskar). Årgangane 2003, 2004 og 2005 var representert. 2003 var best.

7 Responses to “Vareteljing”

  1. hg Says:

    Å befatte seg med andre metodar enn vertikalsmaking er direkte usmakeleg, spør du meg. Betryggande å vite at det ikkje er 70-80 kg du har, ref. tidlegare informasjon.

    Forøvrig dukkar flisespikkaren opp i meg då eg ser omgrepet “kilo” brukt som eining for masse. Det rette er sjølvsagt kg, kilogram, som er SI-eining.

  2. Kona Says:

    Eg er heilt einig med deg, hektogram. På lærarhøgskulen understrekte fysikklærar Anders titt og ofte at vi må seie kiloGRAM, og ikkje slurve med å seie berre kilo. Dette er kanskje det eg hugsar best av alt eg har lært på lærarhøgskulen. Og det burde vel seie noko om kor viktig det er!

  3. hg Says:

    Det seier alt. Takk.

  4. fattern Says:

    - Kva tyder forresten uttrykket “når alt kjem til alt”? Eg er ingen matematikar, men dei som har greie på den slags, kan kanskje gje eit utdjupande svar?

  5. bror Says:

    …og når vi er inne på matematikk; kvifor vog du ikkje dei resterande sjokoladeplatene på disken, og adderte med dei fem kg på vekta, slik at vi kunne få det eksakte anntal kg sjokolade?

  6. Kenji Says:

    Enig med bror. Det gjer meg nesten forbanna! Så frustrert er eg over ikkje å vite…

  7. admin Says:

    ok, ok. skal ta ei supernøyaktig veging, slik at vi får usikkerheit og mas bort ein gong for alle!

Leave a Reply