Spontantur til Nordens Paris
Sidan kona skulle på helgetur til Tromsø å vitje Ågot med påfølgjande kurs måndag og tysdag, tenkte eg at det ville verte stusseleg å vere attende i Hammerfest, så eg slengde meg med. Reiste frå Hammerfest klokka 13 med Hurtigruta “Narvik” og kom fram til storbyen litt over midnatt. Fekk lese ut heile “Ut og stjæle hester” av Per Petterson. Fin bok! Men når ein ikkje har så mykje anna å ta seg til går det sanneleg unna ei bok på ein kveld! På vegen attende må eg få tak i ei ny bok. I dag har eg vore i byen og handla litt sjokolade skinke på ein delikatessebutikk og vore på kafé med “Polarbear” og ete og prata sjokolade. Ah, Tromsø er ein herlig by! I kveld vert fyrst kino og seinared rypemiddag med Amarone Domini Veneti 2001 frå Cantina Negrar. Ah, endeleg litt Amarone! Det er om lag 0 garder og nesten ikkje snø, medan bestemor til Ingeborg melder om ein og ein halv meter og minus ti i Arendal!
januar 28th, 2006 at 23:04
Ah, dette var godt! Rypebrøsta vart servert med søtpotetpuré, steikt sopp og to sausar. Ein viltsjysaus montert med sjokolade (Björnsted 72%) og ein sitron- og vaniljesirup montert med smør. Og så hadde eg jammen smekka opp nokre omnssteikte mandelpoteter, servert a part. Og Amaronen! Beautiful! Fargen var som ruby + brunleg lagra vin og ein søtleg fin duft av mørk sjoklade og kirsebær. Raude frukter, fine taniner, bra syre og deilig kropp. Lett bitter avslutning. Mmmm..
januar 29th, 2006 at 0:56
Ja, ikkje sant: Boka er god? Mykje til ettertanke. Høyrest ut som maten og drikka gjorde susen også………..