Liten, full og sterk

.. og med orkan i kastan. Eg snakkar om vinden her i Hammerfest. Han er sterk og tek med seg ymist som knuser ruter og bilar. Men vi held oss innandørs og har både lemmer og innbu i heil stand. I morgon har eg fri, og det passar fint. Vi har framleis nokre episodar av Sopranos att og eg har byrja på Kari Hotakainen si bok På hjemmefronten. Kona har vore på biblioteket og lånt DVD-ar og i boden ligg det nokre flasker vin, blant anna ein Chablis frå Gérard Duplessis. Og skulle vi ikkje kome oss på butikken dei næraste vekene, så har eg vel ein 70-80 kg mørk sjokolade i skapet å tære på. Ingen fare der altså…

5 Responses to “Liten, full og sterk”

  1. hg Says:

    70-80 kg!? Holy! Bra det ikkje berre er Mozartkuler.

  2. Endre Says:

    Stemmer i…..70-80kg! Har du starta med salg? Kva med å legge ut ei inventarliste? Har du refinansiert lånet og kjøpt sjokolade, eller er det ikkje anna å bruke pengar på der oppe i nord? Er no faktisk tre stadar i Bergen som sel god sjokolade! Frå null til tre på eit halvt år. Gode greier og så slepp eg å lagre 80kg sjokolade.

  3. admin Says:

    Slapp no av karar, og ta det med eit middels stort saltutvinningsanlegg! Eg har vel kanskje 3-4 kg til saman. Siste eg åt var verdas beste mjølkesjokolade - Latte Sal frå Domori! Herlig!

  4. hg Says:

    Kven fører kvalitetssjokolade i tillegg til Colonialen? Sist eg sjekka hadde dei Valrhona hjå Søtt og salt i Skomakerstredet, men det er ei stund sidan.

  5. Ulla Says:

    På nyopna Moliére i Engen får ein kjøpt kvalitetssjokolade meinar eg. Dei sel kvalitets konfekt og -vin. Den er opna av ein tidlegare Lie Nielsen`ar.

Leave a Reply