Medan ein drøymer om DRC

Vi har fått besøk frå sør og feira bursdag med coq au vin på tallerken og Spätburgunder “B” 2002 frå Georg Breuer i glaset. Vinen vart kjøpt hjå Breuer i Rüdesheim på interrail sumaren 2004. Vinen har ein fin raud farge, men ikkje så “tett”, slik pinot noir ofte er. Fin nase med raude bær, kokte rotgrønsaker, noko animalsk og litt sopp. I munnen er det fin fylde og syre, men “midtstykket” er litt tynt. Grei lengde.

Når vi drikk denne fine pinot-en, klikkar eg innom dn.no og ser at den strenge men generøse Aubert de Villaine “sponsar” ein middag på Annen Etage på Continental med følgjande toppvinar frå sin eigedom Domaine de la Romanée-Conti (DRC): Montrachet 1991 og 2000 (frå magnum), Echezeaux 2001, Grands Echezeaux 2000, Romanée-Saint-Vivant 1999, Richebourg 1996 og La Tâche 1990.

Desse vinane til DRC er så sjeldne og dyre at dei diverre er meir brukt som investeringsobjekt enn drikke. Men så har dei i gode år eit lagringspotensiale på 20-50 år.

Ok, dette seier deg kanskje ikkje så mykje, men det vil vel vere som å få prøvekøyre Ferrari Testarossa, Porsche 911, Mercedes SLK, BMW M5, Volvo P1800 og rakettane til NASA!

Leave a Reply