Jubileum
Ja folkens, i dag har eg bursdag!!
Og eg vert visst 27 år. Det høyrest ganske mykje ut, men mor mi kan sikkert seie i frå om det ikkje stemmer. Eg har alt fått eit Pondusblad og litt chips til å kose meg med på føremiddagen. I kveld skal eg på jobb, så det vert feiring til helga.
januar 12th, 2006 at 12:44
Eg tenkte eg skulle spørre deg korleis det går med postveginga, men ser at det ikkje er rette dagen. Postkassa er vel full av lukkeønskingar på slik ein gledens dag!
Vel, det fins ein kar i indre Nordfjord med nokolunde same interesse som du:
http://www.fjordingen.no/default.asp?page=3404&item=577172,1&lang=1
Legg merke til at han skuldar på bøvelen.
januar 12th, 2006 at 13:11
Gratulerer med dagen, gut! (27 er ingenting.)
januar 12th, 2006 at 13:26
Du gløymde å nemne marsipanpølsene du fekk…
januar 12th, 2006 at 13:31
Vel Jørund, eg slutta med postveging då eg flytta nordpå. Her er det ein annan kultur og eg prøver å ikkje gjere for mykje av slike “crazy” greier. Det får halde at eg har bøker i bokhylla, er gift og av og til går i kyrkja.
januar 12th, 2006 at 14:07
Gratulerer med dagen, gamle ørn! Håpar du får mykje fint… Når det gjeld postveging såg eg ei gamal dame som ikkje vegde reklamen men la den i stabel og målte høgda!
januar 12th, 2006 at 14:39
ja ja ja ja eg fekk også nokre marsipanpølser. (Truleg kjøpt til halv pris på Bunnpris).
januar 12th, 2006 at 17:15
Som eg sa i rikstelefonen i stad: Gratulerer. Det kjem ei tid i ein kvar manns liv der han må setje seg ned, ta av seg sokkane og tenkje tilbake på åra som har gått - heldigvis er det nokre år til du treng setje deg.
Joyful! Happy!