Så var det på ‘an igjen..
Nyttår vart feira i Bergen, men fyrst fekk vi med oss På ‘an igjen, eit syngjespel av Jan Eggum med mange av songane hans, lett bundne saman av skodespel og dans. Broder F og Kenneth hadde sett stykket og var ikkje særleg positive, så forventningane var på botn. Men sidan eg likar songane til Eggum godt så var det ikkje så aller verst. Arild inviterte til storslått frukost i Skuteviken med horn, majo og to typar salami. På kvelden var det heilsteikt indrefilet med fløytegratinerte poteter og sjysaus hjå Andreas og Hedda på Møhlenpris. Det vart drukke raudvin frå Chile og Bourgogne. Kjetil hadde med konjakk frå Bache Gabrielsen. Resten av kvelden var vi på Gyldenpris med Sunnfjordingar og inngifte. På flyet attende til Alta las eg boka Tyl som eg fekk til jul. Heime venta Cd-en Welcome to Mitchigan the great lake state, som eg hadde fått i posten.
Det var ikkje mykje snø att her i Hammerfest, så eg kan framleis sykle til arbeid. Motvinden har derimot ikkje gitt seg..