Archive for januar, 2006

Legokatalogen 2006

tysdag, januar 31st, 2006

Årets katalog er lik fjorårets i formgjeving. I tilleg til produkt er det nokre sider med info om www.lego.com og Legoland som no finst mange land. Det som er heilt nytt i år er ein serie som heiter EXO-FORCE, og er inspirert av japansk Manga-teikneserie. Det er menneska mot nokre vonde robotar på eit fjell. […]

Spontantur til Nordens Paris

laurdag, januar 28th, 2006

Sidan kona skulle på helgetur til Tromsø å vitje Ågot med påfølgjande kurs måndag og tysdag, tenkte eg at det ville verte stusseleg å vere attende i Hammerfest, så eg slengde meg med. Reiste frå Hammerfest klokka 13 med Hurtigruta “Narvik” og kom fram til storbyen litt over midnatt. Fekk lese ut heile “Ut og […]

Klinkastupet revisited

onsdag, januar 25th, 2006

I dag sykla eg heim for fyrste gong på lenge! Det har vore ei veke med liten storm motvind, og då har eg late sykkelen vere att på hotellet og teke bussen. Det var litt glatt, men det vert truleg sykkel i morgon også.

Middagstid i uveret - med Duplessis lurer vi døden!

torsdag, januar 19th, 2006

Det er med stor skuffelse eg ser på vermeldinga på NRK at det ikkje er noko sterk storm eller orkanstyrke i meldingane for Vest-Finnmark. (Å, hadde vi hatt TV2!) Det er riktignok kaldt ute og det blæs vel liten storm konstant, men dei store farene ser ut til å fare utanfor våre farvatn. Vi får […]

Liten, full og sterk

onsdag, januar 18th, 2006

.. og med orkan i kastan. Eg snakkar om vinden her i Hammerfest. Han er sterk og tek med seg ymist som knuser ruter og bilar. Men vi held oss innandørs og har både lemmer og innbu i heil stand. I morgon har eg fri, og det passar fint. Vi har framleis nokre episodar av […]

Medan ein drøymer om DRC

fredag, januar 13th, 2006

Vi har fått besøk frå sør og feira bursdag med coq au vin på tallerken og Spätburgunder “B” 2002 frå Georg Breuer i glaset. Vinen vart kjøpt hjå Breuer i Rüdesheim på interrail sumaren 2004. Vinen har ein fin raud farge, men ikkje så “tett”, slik pinot noir ofte er. Fin nase med raude bær, […]

Jubileum

torsdag, januar 12th, 2006

Ja folkens, i dag har eg bursdag!!
Og eg vert visst 27 år. Det høyrest ganske mykje ut, men mor mi kan sikkert seie i frå om det ikkje stemmer. Eg har alt fått eit Pondusblad og litt chips til å kose meg med på føremiddagen. I kveld skal eg på jobb, så det vert feiring […]

Jula i bilete

måndag, januar 9th, 2006

Det var faktisk fint ver i Førde denne jula. Kaldt sjølvsagt, men fint.

Kona, ein bekk og minusgrader

Halbrendsnipa i fokus

Halbrendsnipa ute av fokus

Tre er en for mye!

Hm.. Kanskje eg skal prøve vidvinkel neste gong. Nyttårsafta i Wolffs gate

Ein gift mann, ei gift kvinne og kaffi og wienerbrød

Ikkje les vekeblad - ha det kjekt!

fredag, januar 6th, 2006

Etter to månader med jul, kjem januar som ein tung bakrus med vekeblad fulle av slankestoff og uoverkommelege nyttårsforsett. For venstrefolk og andre måtehaldne menneske er ikkje dette noko tema, og me kan ture fram som me pleier.
Januar ber også med seg noko å gle seg til; nemleg nye katalogar. Eg innrømer at eg […]

Så var det på ‘an igjen..

onsdag, januar 4th, 2006

Nyttår vart feira i Bergen, men fyrst fekk vi med oss På ‘an igjen, eit syngjespel av Jan Eggum med mange av songane hans, lett bundne saman av skodespel og dans. Broder F og Kenneth hadde sett stykket og var ikkje særleg positive, så forventningane var på botn. Men sidan eg likar songane til Eggum […]