Julebrev 2005
Eit år er snart over og det har vore eit spanande år. Ved halvspelt kamp bytta eg ut kremblåsar og kakebotnar med biff, gassgrill og sausar. Eg er attende i kokkefaget etter seks år med kaker. Vi har og flytta til det høge nord og det set jo sitt preg på det daglege liv. Det har vorte mindre fotografering og ikkje noko mørkeromsarbeid. Fokuset har vore på vin og sjokolade. I vår har det vore bra med fysisk aktivitet med Ludustrening innadørs ein gong i veka og fotballspeling ute på kunstgraset på Krohnsminde på sundagar. Litt reising har det vorte. Tur til Brighton og London og “sydentur” til Madeira med fam. Watne og slekt i høve geburtsdag for bestemor Ågot. Sommarferien vart nytta i ein seglbåt frå Bergen til Namsos saman med Ingeborg og hennar onkel Rolf og to av hans venner. Det var kald, men ei oppleving. Det vart også høve til å sjå nye sider av Noreg som eg ikkje har sett før. Til dømes Askvoll. Og på trøndelagskysten kom finveret og nokre fine hamner. Ingeborg og eg mønstra av i Namsos og sette nasen mot Oslo der vi fekk med oss nokre konsertar på Norwegian Wood.
I haust har vi prøvd å gjere oss kjend med Hammerfest og omegn. Nokre fine fjellturar har vi hatt. Vi har også fått litt besøk sørfrå og vi har vore på Nordkapp og i Kautokeino. Og nokre shoppingturar til Alta. No gler eg med til jul i Sunnfjord og ser fram til blant anna 10 års jubileum for ungdomsskulen.