Riket for fall
Denne helga har eg arbeidd litt og resten av tida har gått med til å sjå på den danske tv-serien “Riget” frå 1994. Dette er herlige greier! Absurd, humoristisk og lett grøssande i ei smørje på eit sjukehus. Kanskje ikkje noko for folk med lege- eller korridorskrekk, men andre vil truleg digge det.
desember 5th, 2005 at 16:50
Eg og bror min hadde ei slik helg tidleg i haust…såg dei fleste episodane i eit strekk! Kjempegreier spør du meg! Artig er det og å vite at danskane venta på den siste sesongen i mange år…frå 1994 til huskar ikkje heilt, men slutten av 90-talet. Det skal vere laga ei amerikansk utgåve av serien, truleg ikkje så bra, men hadde vore moro å sjå den og!
desember 5th, 2005 at 17:53
Einig! Ernst-Hugo Järregård er heilt fabelaktig som den galne og danmark-hatande legen! Eg anbefalar å sjå Åpen post-episoden med Bård og Harald som oppvaskassistentar som oppfølgjar.
desember 6th, 2005 at 15:37
Eg legg merke til at du har skrudd på moderering av kommentarar. Dette er vel for å forhindre spam. Ulempa for oss lesarar er at vi ikkje veit heilt kva vi kommenterer, utanom det opprinnelege innlegget ditt, sjølvsagt. Mitt tips er å skru på moderering av kommentarar for eldre innlegg, det er stort dei som vert spamma.
desember 6th, 2005 at 15:38
Hmm… No ser det ut til at du har skrudd det av? Høgst forvirrande.
desember 6th, 2005 at 17:34
..eg er slett ikkje sikker sjølv! Nokre gonger kjem det inn kommentarar umoderert og andre gonger ikkje.