Archive for desember, 2005

Ti år etter..

onsdag, desember 28th, 2005

Det er gått ti år sidan vi gjekk ut frå niårig grunnskule. No skulle vi møtast att. På Tresken. Det kunne bli klamt. Det kunne bli stygt. Tjønnelanden og Tor Erik kom med fin promille og store ord. Andre var edru eller sleit med smalltalken. Fantastiske Grethe hadde sjølvsagt organisert og fiksa. Og Geiren hadde […]

Veslejulafta

laurdag, desember 24th, 2005

Bror min og eg vart sjølvsagt sitjande oppe til langt på natt å spele Deluxe Ski Jump..
.. men vi var begge ute av trening og klarte ikkje å nå K-punkt i nokon av bakkane.

Jul i Sunnfjord

fredag, desember 23rd, 2005

Ja, så er vi komne heile fram frå Hammerfest til Førde. Det er godt å kome heim til gamlingane. Og i morgon vert det sjølvsagt ein tur i Skywalken! Ahh eg gler meg som ein unge!

Zzzzz!

måndag, desember 19th, 2005

At folk søv er vel ingen nyhende, men når det skjer på heilt andre stader enn i senga, ja då er Finnmark Dagblad på pletten med nokre notisar. I dagens avis er det ikkje mindre enn sju notisar etter kvarandre med stoff om sovandre folk i Alta og Hammerfest. Eg skal berre ta med overskriftene, […]

Spice up your life!

sundag, desember 18th, 2005

“If you can’t be with the one you love, love the one you’re with!” Eller for å skrive det om til den aktuelle situasjonen: Dersom det ikkje er nokre konsertar i by’n, gå på biblioteket! Det har eg gjord mange gonger denne hausten. Og personalet lagar støtt eit lite “teaser-bord” med aktuelle bøker. Så ut […]

Pakke i posten! Før jul!

fredag, desember 16th, 2005

Guds kvern mel langsomt, heiter det. Det same kan vel seiast om tollvesenet og posten. I dag fekk eg endeleg pakken frå Seventypercent.com med sjokolade som eg tinga ein gong i oktober. Eg gler meg til å smake Domori sin Latte Sal. Eg hadde ein, men åt han opp i sommar. Det vert også godt […]

Julebrev 2005

torsdag, desember 15th, 2005

Eit år er snart over og det har vore eit spanande år. Ved halvspelt kamp bytta eg ut kremblåsar og kakebotnar med biff, gassgrill og sausar. Eg er attende i kokkefaget etter seks år med kaker. Vi har og flytta til det høge nord og det set jo sitt preg på det daglege liv. Det […]

Fysisk fostring på tampen av året

torsdag, desember 15th, 2005

I går var eg med nokre lærarar og ymse andre og spelte volleyball i Breidablikkhallen. Det var kjekt etter gamalt. Det har ikkje vorte så mykje fysisk aktivitet denne hausten, så det gjorde godt. Sykkelturen heim frå arbeid vart også vel strabasiøs, då det hadde snødd ein del. Dersom det ikkje vert betre brøyting av […]

2005 - eit julebrev

laurdag, desember 10th, 2005

Oppsumering

fredag, desember 9th, 2005

Det er snart tid for litt oppsumering og lister over kjekke opplevinagar dette året. Eg har ei kjensle av at det i år vert ein del vin.. og litt mindre film og teater enn i fjor. Her er ein link til fjorårets oppsumering.