Slitsame greier - Jon Fosse
No har eg lese Naustet og Morgon og kveld av Jon Fosse. Fine bøker bevares. Men så byrja eg på Melancholia 1, om Lars Hertervig sitt opphald i t.d. Düsseldorf. Og eg orkar ikkje meir. Denne boka krev sin mann for å kome vidare i! Eg har lagt ho frå meg og trur ikkje eg kjem gjennom henne i dette årtiet.
Det vert nok ein tur på biblioteket for å finne noko litt meir sidesnuande. Dersom nokon har eit tips, kan de leggje det att i kommentarfeltet. Takk.
november 29th, 2005 at 21:09
Eg veit kva du meiner; eg brukte fleire veker på den relativt tynne Fosse-boka Det er Ales tidlegare i år. Kva som er såkalla sidesnuande vil sjølvsagt variere mykje alt etter kven som les. Eg har m.a måtte gi meg på supersidesnuarane Halvbroren og Vindens skygge. Her er eit knippe med bøker som eg hugser å ha slukt relativt fort, så kan du bruke lista til det du vil:
Kobo Abe: Kvinnen i sanden
Karl Ove Knausgård: Ute av verden
Luke Rhinehart: Terningmannen
Lars Ove Seljestad: Blind
Gabriel Garcia-Marquez: Beretningen om et varslet mord
Knut Hamsun: Mysterier
Agnar Mykle: Lasso rundt fru Luna
Dag Solstad: Genanse og verdighet
Ernest Hemingway: Den gamle mannen og havet
José Saramago: En beretning om blindhet
Milan Kundera: En spøk
Charles Bukowski: Nedenom og hjem
november 30th, 2005 at 11:42
Hmm.. berre ei Dag Solstad-bok i denne lista! Det må vere den mest “kommerse” du nokon gong har laga, Baard!
Vi får sjå kva det blir til. Har lånt Erik Damman-biografien no.
november 30th, 2005 at 11:54
Eg støttar deler av lista di Bård. Dei delane eg har lese. Dersom eg skulle lese to bøker nett no, ville eg valgt Rhinehart og Bukowski.
Min sidesnuarfavoritt og kjepphest er som vanleg Et lite drap i Lisboa av Robert Wilson, men krim er vel ikkje noko for dykk, gutar…?
november 30th, 2005 at 14:24
Jau, det er jo snart jul, og då er ein jo truande til alt! Eg kan godt lese krim, og eg kan godt seie i frå neste gong det skjer. Robert Wilson altså? Hmm..