Middagstips

I dag var det ynskje om fisk til middag. Eg stilte meg i kø i fiskedisken og bad om litt røykt torsk. Det er slett ingen dum råvare. Lag ein kvit saus og ha i kokt gulrot, kålrot og fennikel. Trekk fisken i lettsalta vatn. Server med kokte poteter til. Ein god kvardagsrett. Dersom du er avyg dei som tykkjer kvar dag er ein fest så kan det kanskje passe med ein lett røykprega Pouilly Fumé til. Produsenten Cailbourdin er no representert i Noreg og i den blå lista finnst Les Cris 2004 til 175 kroner. Dersom du ringer til Chris eller Jens hjå Moestue så kan du også få tak i Cuvée Triptyque 2002 som kjem frå druer dyrka på Silex-jord.

2 Responses to “Middagstips”

  1. E. Says:

    Må berre fortelje at Colonialen fetevare her i Bergen har teke til å selje sjokolade frå Domori. Dei har og steika mykje anna godt og( særleg pølser, skinker og ostar), men det kostar….

  2. admin Says:

    Ja ostar kostar! Og sjokolade òg. Kanskje vert det ein ørliten Bergenstur i romjula, så då får eg vel leggje inn eit besøk hjå colonialen.

Leave a Reply