Dagsrevyen revised

I kveld kika eg litt på fjernsyn. Ja, det hender otftare og oftare at dette skjer. Nuvel. Eg la i alle fall merkje til den keisame vignetten til Dagsrevyen. Den bør dei snart få bytta ut med ein freshare. Eg tykkjer eg minnest at den som var før var betre. Kanskje jinglefolka i P3 kan kome opp med noko. Kva tykkjer de?

One Response to “Dagsrevyen revised”

  1. Endre Says:

    Den nostalgien, den nostalgien…alt var betre før! Eigentleg berre tull, men når ein heller les reklamekatalogar frå Lyslo foto på Sandane frå 1973 og mimrar om dei gamle prøvebileta på NRK (dei som var på TV bortsett frå mellom 6 og klokka 11 om kvelden(då var det sending)) kan eg vere einig i at Dagsrevyen var betre før både når det gjeld kjenningsmelodi (jingle…kva er det, utanlandsk!) og innhald. Eg stemmer for innføring av den gode gamle melodien, og den gamle værmeldinga! (med snurrande magnettavler og peikestokk) Er det nokon som faktisk får noko ut av den simulerte overfykinga av landet vi får presentert kvar kveld? Vas…og misbruk av grafisk framstilling. Ding-dong Dagsrevyen!

Leave a Reply