Ordnung muss sein
onsdag, november 30th, 2005 Nokon som trur dei har lånt Jan Eggum-cden President av meg? Kan ikkje finne han.
Det kan skuldast andre ting, men det skadar ikkje å spørje.
Nokon som trur dei har lånt Jan Eggum-cden President av meg? Kan ikkje finne han.
Det kan skuldast andre ting, men det skadar ikkje å spørje.
No har eg lese Naustet og Morgon og kveld av Jon Fosse. Fine bøker bevares. Men så byrja eg på Melancholia 1, om Lars Hertervig sitt opphald i t.d. Düsseldorf. Og eg orkar ikkje meir. Denne boka krev sin mann for å kome vidare i! Eg har lagt ho frå meg og trur ikkje eg […]
Har du tenkt å markere verdas kjøpefrie dag? Les meir på Framtiden i våre hender sine sider og finn ut at dette kan også du markere i år.
I dag var det ynskje om fisk til middag. Eg stilte meg i kø i fiskedisken og bad om litt røykt torsk. Det er slett ingen dum råvare. Lag ein kvit saus og ha i kokt gulrot, kålrot og fennikel. Trekk fisken i lettsalta vatn. Server med kokte poteter til. Ein god kvardagsrett. Dersom […]
Boka “MOMO eller kampen om tiden” (Michael Ende, 1973) gav meg ei stor lesaroppleving i min barndom. Eg har seinare vore på jakt etter å skaffe meg eit eks av denne boka, slik at eg kunne lese henne på nytt. Ho er også ei fin referanse i debattar om tidsklemma, konkurransesamfunnet og materialismen. Eg har […]
Kor tid byrjar førebuinga til eit måltid? Det kjem an på kor svolten du er. Har du tilstrekkeleg med næring for tarmtottane kan ein diskutere dette spørsmålet filosofisk. Er du derimot så svolten at du finn deg sjølv på nederste trinn i Maslovs behovspyramide - behovet for å overleve - ja då vert ikkje tid […]
Ok
Etter å ha kome meg over det skuffande faktum at dei ikkje har skaffa til vegs nokre flasker Beaujolais Nouveau på dagen her i byn, så vart eg straks litt gladare då eg var innom den vel utbreidde søkjemotoren Google.
“Ikkje så vanskeleg å gle den karen!”
Det har seg slik at eg av og […]
Den nye vinen er komen! Men ikkje til Hammerfest. (Sukk og stønn). Ok, det pinadø ikkje mykje som minner om Frankrike her i byn. Det er sikkert ikkje så mange franskmenn her heller.
Her finnst i det heile ikkje særleg mykje forutan porno og scooter. Folka på polet har heller ikkje kjent si besøkstid og skaffa […]
I kveld kika eg litt på fjernsyn. Ja, det hender otftare og oftare at dette skjer. Nuvel. Eg la i alle fall merkje til den keisame vignetten til Dagsrevyen. Den bør dei snart få bytta ut med ein freshare. Eg tykkjer eg minnest at den som var før var betre. Kanskje jinglefolka i P3 kan […]
..kjem Beaujolais Nouveau!!