Nordnytt
For dei av dykk som ikkje les Finnmark Dagblad skal eg vere så grei at eg tek med ei notis frå dagens avis. Som de veit er det mykje moro å lese i måndagsavisene. Mange har drukke meir enn dei klarte å halde på og nokre har i tilleg gjort ulovlege ting fordi onkel alkohol sa dei skulle. Konsum av alkohol er i dei fleste deler av landet lovleg om det vert gjort i heimen eller på bar. Det er lov å vere berusa. Men ikkje i Alta. Under overskrifta “Promille” finn vi denne notisen: “En dame i 30-årene ble stanset i en rutinekontroll i Alta i helgen. -Damen ble stanset og hun viste seg å være beruset, sier Olaf Andreassen, operasjonsleder ved Vestfinnmark politidistrikt.”
Eg veit ikkje om det er rutine at politiet i Alta sjekkar om folk har promille, men dersom det skjer i helga er det ikkje så rart at dei finn folk som har promille. No som julebordsesongen er i kjømda så vert det nok fleire og fleire berusa damer i 30-åra som er ute i bygd og by.