Jubileum
Ja, då har denne bloggen faktisk vore oppe i eitt år! Eg vel å gratulere meg sjølv, og så får de berre leggje inn dykkar hjartelege gratulasjonar i kommentarfeltet.
No ser ting litt anleis ut enn for eitt år sidan, då eg hadde eit sosialt liv i Bergen med mykje kulturelle aktivitetar. Hammerfest er ikkje det same, men her skjer andre ting. Det vert spanande å sjå kvar eg er neste gong det er jubileum for bloggen.
For å markere jubileet, et eg litt på ein mjølkesjokolade som låg att frå i går. Kanskje eg skal sjå om eg finn litt gamal chips òg.
oktober 17th, 2005 at 18:12
Gratulerar så mykje!
oktober 17th, 2005 at 18:14
Congratulations and celebrations! Motta mine ståande ovasjonar. Bloggen har, så langt eg kan sjå, hatt ei rivande og kreativ utvikling, til beste for alle oss som les denslags. Hald fram som du stemner!
oktober 19th, 2005 at 21:47
Gratulerer! Ser fram til meir kjekt frå kanten din. Eg har forresten tatt opp litt familiær rock du kan lytte til: http://ufjelg.org/ungdomskulen
oktober 20th, 2005 at 15:15
Gratulerer brutt! Eg debuterer med innlegg på ditt jubileum.
Kjøpte ein Domori madagaskar i gåve, her om dagen, men åt opp mesteparten sjølv.
Den var god.
oktober 20th, 2005 at 17:02
Kvar kjøpte du Domori?! I Bergen? I Noreg? Ja skal seie det går framover! Kva kosta han? Domori Madagascar er i den litt “kjipare” 75 grams-serien, men han er god og har Domori sin særeigne smelting og syrlege smak.
oktober 21st, 2005 at 14:42
Fint å kunne høyre musikk frå vinyltrilogien for oss som ikkje har platespelar! Takk for nedlastinga!