Duften av dyrepels for ein neve dollars
Dersom du aldri har fått ferten av pinot noir, er du eigentleg heldig. Eg har diverre kome over nokre gode flasker vin laga på denne skjøre drua, og dei som har sett filmen “Sideways”, veit korleis det kan gå. Meir spesifikt kan denne drua, dersom ho er dyrka i den vesle kommunen Vosne-Romanée i Burgund, gje vinar som har ei lukt som kan minne im dyrepels og revefarm. Kanskje ikkje det som gjev dei beste assosiasjonar hjå uinvidde vindrikkarar, men eg kan med handa på tastaturet seie at i kombinasjon med bringebærduft og haustlauv og andre esterar, så vert dette magi. Spesielt i hendene på produsentar som Robert Arnoux. For dei som hever sekssifra månadsløner kan sjølvsagt vinar frå DRC også funke.