Film, på Hammerfest kino

Var for fyrste gong på Hammerfest kino i går. Den var fin gamaldags, og verd eit besøk på grunn av indre arkitektur og utsmykking. Han som reiv billettane var den same mannen som arbeider på jernvarebutikken ved Bohus. Han med buksene. Det var om lag 25 andre kinogjengarar som var ute for å sjå “Hitchhaikers guide to the galaxy”. Før reklamen var det eit par fjortisjenter som stilte seg opp framfor lerretet (som var plassert veeeldig langt bak på ei slags scene) og song litt for oss. Filmen var moro og underhaldande, men skulle det vere noko bodskap? Eg har ikkje lese boka, men det var visstnok berre positivt. Dei som hadde lese ho var skuffa over filmen. Men slik er det vel ofte.

Leave a Reply