Film, her nord

Kinoen her i Hammerfest er kjend i vid omkrins for låge besøkstal og liten aktivitet. Då det var tid for å setje opp Charlie og sjokoladefabrikken, tenkte vi å leggje eit besøk innom kinoen. Men denne dagen var dei faktisk utselde då vi kom! Og det var mange med oss som ikkje fekk plass denne kvelden. Kanskje var det lovnader i avisa om gratis sjokolade frå Freia som gjorde at så mange fann vegen til kinoen denne ettermiddagen? Eg hadde teke på meg den brune sjokoladedressen min og alt. Kanskje skal me prøve att på sundag.
. . . . .

Her ein dag fekk eg pakke i posten frå Play.com. Det var ein DVD-en Mondovino. Ein dokumentar av Johnatan Nossiter om globalisering sett frå vinverda! Her får vi møte billionærar på gigantiske eigedomar i Napa Valley og infule franskmenn med 8 hektar dei har teke over etter sine forferdre. Og naturlegvis Michel Rolland, the flying winemaker, som reiser rundt i 12 land og lagar Pomerol-ar som Parker kan like. Dette var ein av filmane eg gjekk glipp av på fjordårets BIFF.
. . . . .

No ser eg at ein annan BIFF-film, Oldboy, har premiere i større norske byar. Det vert spanande å sjå om han kjem til Hammerfest. Kanskje ikkje på ordinær kino, men kanskje i filmklubben. Ein gong..

3 Responses to “Film, her nord”

  1. fatter¨n Says:

    Charlie og sjokoladefabrikken er elles tema for løysingsgåta på kryssordet i Laurdagsmagasinet av BT. Manglar enno nokre bokstavar, men skal vel finne løysinga til slutt………….Får du tak i BT i Hammerfest, forresten?

  2. admin Says:

    jaudå, dei har ho på narvesen ein dag etter.

  3. fatter¨n Says:

    Då rekk du så vidt å løysa kryssordet innan fristen (- vel å merka om du sender e-post!)

Leave a Reply