Skulevalassistent 2005
I dag vart svigerfar og eg med Ingeborg ut på Seiland på arbeid. Eg fekk kopiere opp røystesetlar til skulevalet for mellomtrinnet og ungdomsskuleelevane. Då dei minste hadde kroppsøving vart eg spurd om å vere med. Laget mitt tapte..
Etter skulen gjekk vi ein tur til Tverrfjorden, der Øyvind hadde kome ned etter ein lang tur over Seiland i 1972. Det var vått og kaldt, men naturen var like fin. Eg vonar eg ein dag kan kome meg opp på Veggen (589 moh), men det må vere ein dag med fint ver og betre tid.

Tverrfjorden 2005. I 1972 var eit av desse husa til sals for 10000 kroner. Opp til høgre på bilete er Veggen.
september 12th, 2005 at 18:10
Skal seie du stig i gradene! Frå å ha lukta på tittelen Mr. Evnerik Ungdom 1994 er du no - kun elleve år seinare - allereie innehavar av tittelen Skulevalsassistent 2005.
Kva skulevals som var mest populær då?
september 12th, 2005 at 21:22
The Last Waltz