Archive for september, 2005

Film, på Hammerfest kino

måndag, september 26th, 2005

Var for fyrste gong på Hammerfest kino i går. Den var fin gamaldags, og verd eit besøk på grunn av indre arkitektur og utsmykking. Han som reiv billettane var den same mannen som arbeider på jernvarebutikken ved Bohus. Han med buksene. Det var om lag 25 andre kinogjengarar som var ute for å sjå “Hitchhaikers […]

Film, her nord

laurdag, september 24th, 2005

Kinoen her i Hammerfest er kjend i vid omkrins for låge besøkstal og liten aktivitet. Då det var tid for å setje opp Charlie og sjokoladefabrikken, tenkte vi å leggje eit besøk innom kinoen. Men denne dagen var dei faktisk utselde då vi kom! Og det var mange med oss som ikkje fekk plass denne […]

Tiddelibom

fredag, september 16th, 2005

Sit her og les i Finnmark Dagblad og et formiddagsmat. Har bydd på eit fotoapparat på tysk ebay. Renska ut litt virus frå pc-en. Teke på meg klede. Ute så lavar det ned..

Det kan vere litt vanskeleg å sjå på dette bilete, men det snøar tett!

50-50

måndag, september 12th, 2005

Dagens valsitat:
Læraren spurde elevane kvifor det vart flagga i dag. Kristina på 9 svarte: “Fordi vi skal stemm på Arbeiderpartiet.”
Elles er det interessant å sjå at det norske samfunn er eit 50 - 50-samfunn. Om lag halvparten er mot EU. Resten er for. 50 prosent ynskjer eit regjeringsskifte og ein raudgrøn kurs. Resten vil ha […]

Skulevalassistent 2005

måndag, september 12th, 2005

I dag vart svigerfar og eg med Ingeborg ut på Seiland på arbeid. Eg fekk kopiere opp røystesetlar til skulevalet for mellomtrinnet og ungdomsskuleelevane. Då dei minste hadde kroppsøving vart eg spurd om å vere med. Laget mitt tapte..
Etter skulen gjekk vi ein tur til Tverrfjorden, der Øyvind hadde kome ned etter ein lang tur […]

25 års framtid for Hammerfest

torsdag, september 8th, 2005

På sundag var vi turistar i eigen by. Men vi det var ikkje gammer, finnbiff, gjenreiste hus eller krigsminner vi besøkte, men ei lita øy som ligg utanfor Hammerfest. Statoil arrangerte tur til Melkøya, der dei byggjer den fyrste LNG-fabrikken i Europa.

Vi fekk mykje storslått fakta og til slutt litt kaffi og wienerbrød.

42 km i Drammen

sundag, september 4th, 2005

Vil gratulere Kristoffer Knapstad med vel gjennomført Drammen Maraton, på tida 3.55.25. Eg ser han vart slegen med 19 sekunder av min svigerfar, men så var jo dette Øyvind sin 101. maraton, medan Kristoffer debuterte.
Eg kan leggje til at det var ein god del betre enn min debut i New York i 2001.
Det var på […]

Nytt magasin

torsdag, september 1st, 2005

Svenskane har vore aktive på sjokoladefeltet ei god stund. Det har dukka opp små konditori og produsentar av praliner og sjokoladekonfekt på kvart nes och ställe. Dei fleste av dei gode sjokolademerkene er også godt representerte hjå søta bror. No har dei også lansert eit sjokolademagasin med det frankofile namnet Journal Chocolat.

Bladet har 44 sider […]