ein fersk finnmarking fortel..

Då var eg på plass. Bruer er brende, og niks returbilett. Eg kom til leiligheita med omlag det same som eg flytta til Oslo med i 1997, ein sekk og ein bag. Då var eg ein uredd og nyfiken tenåring. No er eg ikkje langt unna 30 og livredd. Det regner, bles og eg kjem truleg til å verte sjuk med det fyrste. Sykkelturen i dag frå Rypefjord til Hammerfest City var såpass ufyseleg at eg truleg vert ein trufast brukar av bybussen. Men no sit eg i lun hamn på biblioteket. Eg har fått meg lånekort og skal fylle sekken med spanande litteratur. Fram til flyttelasset kjem, har eg ikkje anna enn klede og eit par utlesne blad til tidtrøyte. Eg skal sjå om eg finn den nye boka til Jonathan Safran Foer. Og kanskje noko mathistorie av Henry Notaker.

Leave a Reply