Lag din eigen sjokolade

Du tykkjer kanskje at Freia sin mjølkesjokolade kunne trenge litt meir vaniljesmak? Kanskje du vil konkurere med Gianluca Franzoni og Domori? Eller er du så kresen at Valrhona sin sjokolade ikkje er smooth nok? No kan du lage din eigen sjokolade frå ønne til ferdig plate. Sjå www.chocolatealchemy.com.

Dersom du kjappar deg kan du trulege verte den fyrste i Noreg som lagar sjokolade heilt frå grunnen av. Og du legg ferieturen om dei karibiske øyer i sumar, kan du jo kjøpe med deg ein sekk criolloønner og setje i gong. Betal kakaobonden ekstra godt og du kan også kalle sjokoladen din “Fair Trade”. Vis ein gong for alle at folka på Freia og Nidar er nokre bakstreverske dåsemiklar utan større visjon enn å selje litt meir tørrmjølk- og sukkerbasert slavesjokolade.

Dette er ingrediensane til å lage god mørk sjokolade. Alt anna er unødig fjas.

Kakaoønner

Sukker

Vanilje

Så treng du ein drøss dyre og tunge maskiner. Ei maskin til å fjerne skalet på kakaoønnene, ei mølle til å knuse ønnene, ein consjar til å blande sjokolade under varme og så må du kunne temperere sjokolade til slutt. Og kanskje nokre former å støype sjokoladen i..

Lukke til!

2 Responses to “Lag din eigen sjokolade”

  1. fattern Says:

    Ser spanande ut. Men maskinane er eit heft! Ein tur til karibien kunne jo frista.

  2. E. Says:

    Du burde vel sjølv vere ein soleklar favoritt til å bli den første! Med litt (mykje)distriktsutviklingsmidlar og nokre brukte maskiner, burde vel ein microfabrikk kunne realiserast(ein gong i framtida). Nokre gode avtalar for import/salgsfremjing av kvalitetssjokolade(frå utlandet i første omgang) her i landet burde vel vere på tide, så mykje skriving som det er om sjokolade i media for tida. Tenk berre på alle damene som skal ete mørk sjokolade fordi det er sunt. Kva ventar du på! (nokre andre kjem snart til å forstå dette….)

    (ang. mølle til knusing av ønnene, vi har eit kvernhus på garden som du kan få nytte, det kunne blitt noko! )

Leave a Reply