Things to do in Bergen before you die
Det sjå ut som kona og eg tek eit førebels farvel med Bergen. Ingeborg har søkt land og strand etter lærarjobbar, men det er ikkje berre berre å vere nyutdanna. Det virkar som om det berre er i det høge nord at dei ser mellom fingrane med maglande røynsle, eller så er det kanskje ikkje så mange som ynskjer å bu der? Eg har også søkt på nokre jobbar, og det ser relativt bra ut.
Men det var altså avsluttninga på Bergenskapittelet denne postinga skulle handle om. Eg ynskjer innspel på kva eg ør få med meg i Bergen før det er for seint (les: vi flyttar).
Eg kjem her med nokre punkt som eg på sitjande rumpe kunne komme på:
- Vitje naturhistorisk museum
- Demonstrere mot buekorps
- Gå på fotballpuben, drikke seg til mot og byrje å slengje drit om Brann
- Ha gjestequiz på Popquiz med Atle Nielsen
- Skrive sinte lesarbrev til BT mot buekorps
- Skrive sinte lesarbrev med bannskap og obskøne frasar mot buekorps og etterpå sitje spent å sjå om BT eller BA har ballar til å trykkje dei
- Gå “Vidden” den andre vegen
- Symje over Vågen
- Samle inn pengar til kampen mot buekorps
- Gå på Jan Eggum-konsert

Bilete er knipsa med Lomo LC-A på strak arm framfor ein Volvo 540. Som de ser har eg teke på det velkjende tvisynte Ambivalensia(tm)-uttrykket.
april 22nd, 2005 at 15:08
Sad news, man. Når det gjeld lista di, gløymte du: Ringe inn til Summetonen i BA og uttrykke frustrasjon over buekorps for jenter eller Branntrenaren. Forøvrig stemmer eg på gjestequiz som det aller viktigaste.