Norge Rundt i dag!
På onsdag var det nokre folk frå NRK og la mikrofonkablar og lyskastararar i kakene våre. I kveld kan du sjå resultatet. Det vert Lie Nielsen mellom kvart innslag, og kanskje ser de meg og? Følgj med på Norge Rundt i kveld frå 1930!
april 15th, 2005 at 20:21
Trur jammen eg fekk stukke nasa mi fram nokre gonger! Det vert vel jysla mykje å gjere neste veke, så de kan donere litt fritid og svevn til Wolffs gate 9 i Bergen dersom de har noko til overs.
april 16th, 2005 at 0:06
Såg deg……
april 17th, 2005 at 13:53
Dette skulle eg fått med meg!
april 17th, 2005 at 14:00
Ein stolt far såg deg arbeide iherdig i bakgrunnen. I det heile eit bra PR-stunt for Lie Nielsen, og kanskje konditorfaget i det heile.
april 18th, 2005 at 9:49
For dei om lag ein million nordmenn som har knytta seg til eit sokalla breiband, finst vel sendinga på NRK sine sider under nett-TV. Då har de framleis sjansen til å sjå programmet.
april 21st, 2005 at 0:06
Vi har ikkje TV, det var i alle fall det eg fekk beskjed om å seie om det ringte uventa på døra. Fekk med andre ord ikkje sett deg - det eg lurer på er korleis du har planar om å utnytte den nyvunne kjendisstatusen?