Shock shock horror horror, shock shock horror!
Hald dykk fast: Eg har søkt på universitetet! Ja, eg har faktisk søkt på tre universitet. Oslo, Bergen og Tromsø. Hausten er altså litt uviss, men det kan tyde på at me tek eit år i eksil. Og eg ser då på andre moglegheiter enn å halde fram med å vere proletar. Ettersom eg ikkje har “artium”, har eg søkt meg inn på “realkompetanse”. Så får vi sjå om ein seksar i gym frå yrkisen og seks år med kakebaking gjer meg dugande til å fordjupe meg i medievitskap, fransk eller lit.vit.
april 4th, 2005 at 13:40
Ein gong proletar, alltid proletar, som eg brukar å seie. Eg ser du allereie er fortruleg med slike forkortingar som ein brukar på hist. fil. Du gløymde derimot ei samf. vit.-forkorting, nemleg med. vit. eller evt. medvit. Skal du studere med. vit. kan det nok vere på sin plass med medvit eller i det minste vit. Eg trur du har tilstrekkeleg av båe to (ja, om det då går å ha “litt” eller “mykje” medvit), så det går nok bra. Verre trur eg det kjem til å gå med mine portvins- og sjokoladekunnskapar dersom du skulle finne på å miste (med-)vitet og dra i eksil.
Eg trur at dersom eit fag med namn utviklingsvitskap, kva no det kan vere, ikkje hadde fått forkorting. U. vit. tek seg i alle høve ikkje ut.
Andre forkortingar ein ør kjenne til før ein startar på universitetet: Sos. ant., cand. mag., mag. art., cand. odont., cand. philol., dr. philos., ex. phil., ped., prof. em., vit. ass., stud. ass.
april 5th, 2005 at 13:54
Eller kanskje du skulle, i pakt med ein kjend filosof “tilbake til naturen” og bli bonde? Då måtte du sjølvsagt bli stud. jur. Mjølkekvote let seg vel gjera å få tak i for ein billig penge! Du kan jo frista med litt eksklusiv sjokolade og ein skvett edle dropar i glaset………
april 5th, 2005 at 15:11
Nei, denslags småbruksromantisering er eg for ung til enno. Me får sjå når eg vert 35 og er 70% trendanalytikar og 30% bonde på eit fancy småbruk ein knapp times køyring med XC70-en unna Oslo.
april 6th, 2005 at 12:51
Håvard!
Vi kan godt bytte. Eg har relativt sett eit år igjen av ein såkalla mastergrad i samfunnsøkonomi. Dersom du tek plassen min, er det ingen som vil sakne meg på instituttet.
Eg på mi side har lang erfaring i å ete kaker, dessutan så elskar eg radio 1 så overgangen skulle ikkje bli uoverkommeleg for meg.
april 6th, 2005 at 14:57
Vel Vidar, no det mest P4 det går i, men om det er greit så kan du ta over frå 15. juli.
april 8th, 2005 at 0:28
Om du blir trendanalytikar skal eg ete den svart designerpologenseren min. Elles ør du konsentrere deg om å ta lappen - som no kostar litt meir enn eit småbruk - før du vurderer ein XC70.
Du finn vel meg på eit PPT-kontor i distrikta ein stad. Ajaj.
april 8th, 2005 at 14:28
Du kan få vere konseptkosmonaut i trendbyrået mitt: Tiger Trend! Vi skal mose ideastronautane i Stigogstein.
april 18th, 2005 at 9:52
Ja det skal vi!