.. om det skulle vere den minste flik av tvil att; sjokolade er greia mi

Eg har ved reising og litt detektivarbeid funne ganske mykje god sjokolade rundt omkring i Europa. No har eg laga ein “meny”, og han inneheld om lag 70 ulike mørke sjokoladar med kakaoprosent frå 60-100%. Dei som trur dei har meir, kan stille seg i kø utanfor døra mi. Eller forresten, dei kan berre kome inn. Vi har truleg noko å prate om.

3 Responses to “.. om det skulle vere den minste flik av tvil att; sjokolade er greia mi”

  1. Fattern Says:

    Eg har sett lista, og prøvd fleire av dei eksklusive sjokolademerka. Mykje å smatta på for ein søtmons, og mange har ein god ettersmak.

  2. Ø Says:

    No driv du reklame for juridisk lovleg “organisert kriminalitet”. Hugsar du ikkje vi snakka om kakaoøndene i påssjene?

    Kakaoøndene skjønar nok snart at dei vil tene meir på øko narko til max havelar.

  3. Ã…ssy Says:

    Max Havelar, dei har ein mørk 70%+ sak (Nero, trur eg den heiter) som er nesten umogleg å få tak i. Og det trass i at eg ser ein Helios-butikk frå vindauget der eg sit akkurat no - som forhandlar nett denne sjokoladen. “Vi får den inn i morra” har dei sagt i eit par veker.

    Noko heilt anna; H, kva har skjedd med postveginga di? Det er liksom noko som manglar.

Leave a Reply