Real Ones-konsert i Logen
Var i Logen på fredag. Fin stad. Mykje folk. Real Ones spelte opp til dans. Har kjøpt den nye plata som kom i sal på mandag. Var sånn mellomnøgd med ho. Ikkje like umiddelbar som den førre, som eg likte godt. Dei er litt på psyretrip i San Fransisco på den nye plata, og det er ikkje verst. Ein del fine harmoniar.

Konserten var fantastisk. Dei spela seks av dei nye songane og ein del gamle hits. Etter konserten har eg høyrd gjennom plata ein gong til, og no likar eg songane endå betre. Plata vil nok halde seg i toppen av gode popmusikk-kjøp dette året.
januar 30th, 2005 at 21:29
Hei, som du veit var eg og til stades! Har ikkje kjøpt plata, og kanskje gjer eg det ikkje heller. Men konserten var bra og ein god del av låtane deira held mål, men desverre ikkje så mykje nytt som eg hadde trudd…eg er ikkje heilt sikker på om eg har rett men nokre av dei “nye” songane trur eg dei spelte allereie på konserten under By:larm i fjor. Uansett var det ein hyggeleg konsert og dei er som alltid flinke. P.S: Kanskje eit av dei styggaste lysmønstera i bakgrunnen….og når dei la endå meir stygge sjablongar oppå der att…jaja.