26 år eller på veg mot livets midtstykke

Ja det er faktisk gått 26 år sidan eg vart fødd. I dag. Eg er no komen fordi barndom, ungdom og danningsåra 20-25, og er inne i den paranoide “mellom 26 og 30-alderen”. Eg skal bite tennene saman og i allefall gjere det nest beste ut av det. Til dykk som er for seint ute med gåver, så kan de byrje å spare til ein dyr 30årsgåve i staden for.

2 Responses to “26 år eller på veg mot livets midtstykke”

  1. A. Says:

    Gratulerer! Måtte dei tjueseks neste innehalde mindre bleiebruk og skulearbeid enn dei tjueseks førre.

    Sjølvsagt har vi ornda med gåver! Kven trur du eigentleg du har med å gjere?

    Alle gode ynskjer, gåvenes Prins.

  2. Fattern Says:

    - og me foreldre som trudde du skulle bli fødd i løpet av desember 1978! Me installerte oss i ei leilegheit i ei blokk på Laksevåg og feirte jul og nyttår der. Ei roleg og litt annleis feiring enn vanleg. Men det varte og rakk før vår fyrstefødde fann det for godt å koma til verda. Så den blivande far måtte gjera vendereis til Haugsvær. 12. januar var det såpeglatte vegar, så det var med nauda eg kom heilskinna til ferjekaien på Solheim. Så bar det vidare i den okergule Kadetten til Bergen og Haukeland for å møta det vesle knøttet som allereide var nokre timar gamal.
    Jordmora som tok imot deg skulle 15 år seinare ta imot Guro i Førde! Eit interessant samantreff.
    Ã…ra seinare har gått fort (-og gale?). Ditt gode humør og ironiske tilnærmingsmåte til det meste set eg pris på.

Leave a Reply