Ooo the dreadful wind and rain

Eg fekk ein paraply til jul. Han er ikkje lenger kva han var.. Eg var nemleg ute i dag. Og frå Skuteviken til Torgallmenningen vrengde paraplyen seg seks tusen gonger. Han vil nok ikkje få oppleve ein ny vinter..

Etter mykje om og men har eg investert i nettverkselskapet ThinkTwice. Senare i dag kom eg også på andre tankar og kjøpte difor nokre aksjar i dotterselskapet SecondThoughts. Vonar dette vil kaste av seg.

4 Responses to “Ooo the dreadful wind and rain”

  1. A. Says:

    Gorillavrengetryne. Den paraplyen var noko ustabil i høg fart. Elles er eg ute med handjerna og må nok arrestere deg, ThinkTwice og SecondThought var nok meir mine oppfinningar, men berre spytt inn pengar du! Held på å trykkje opp nye aksjar nett no.

  2. fattern Says:

    Det regnar i Førde og…………….MYKJE væte kjem ned…… Paraply er ikkje stor hjelp i, komplett Sunnfjord-bunad er betre.
    ORDBOK: Sunnfjord-bunad = regnklede

  3. onkelen Austafor Says:

    Hei Håvard!
    primstaven fortel at du har fødselsdag i dag, 26 år kom eg til utan å bruke kuleråma. Gratulera!
    Apropos din havarerte paraply, har høyrt at i Bergen har dei automatar for eingongsparaplyar. Men regn kombinert med Gudrun, Hårek, Inga eller kva dei heiter gjer vel Sunnfjordbunaden best nytte.
    Situasjonsbiletet av paraplyen din fekk meg til å lure på om det var ein bergensar som fann opp parabolen?
    Skal helse frå tante også.

  4. Håvard Says:

    Takk takk! Fekk kort også i dag, men det er vel din betre halvdel som har stått for det kanskje? Stormen er ikkje så sterk her. Eg syklar til jobb som vanlig, med vekslande mot- og medvind.

Leave a Reply