Ã…rets fyrste post!

Det tok si tid, men i dag fekk vi altså post for fyrste gong i 2005. 212 gram i sju einingar. Eg må snart få opp litt statistikk på dette, slik at ein kan byrje å lese ut tendensar og greier. Det bles og regnar i Bergen (!), men vi held ut. I går laga eg vaflar for fyrste gong på leeenge. Det kom gjerster og dei åt. Kaffi fekk dei og.

5 Responses to “Ã…rets fyrste post!”

  1. Fattern Says:

    Dei fyrste rekningane er komne i min postkasse og, men eg har ikkje tenkt å halda noko rekneskap. Oversikta frå banken om lånet er også kome. No eig me omlag halve huset, i alle høve…….. Kjekt å vita!
    Har ikkje laga - og heller ikkje ete - vaflar i det nye året enno. Men mykje kaffi har alt gått med.
    Les for tida “Paradis på jord” av Kjartan Fløgstad. I jula las eg (heile) “Ut og stjæle hester” av Per Petterson (- som eg fekk av sonen & kona).

  2. Proletaren Says:

    ja ja far. vi manglar snart berre ein skarv million til vi eig det vesle krypinnet vårt. Les i “Innocentia Park” av Ambjørnsen som eg bytta i jula. Slett ikkje verst.

  3. fattern Says:

    Har nett lese ut “Paradis på jord”, og fann ut at Paradiset ikkje er Noreg……………..(men kanskje ikkje så langt unna!)

  4. Sonen Says:

    Nokre hevdar at Paradis er i Bergen, men den må dei lenger ut på Fjøsanger med!

  5. Fattern Says:

    Samd med siste talar!

Leave a Reply