13 til bords..
Etter mykje om og litt men, har vi no vorte 13 som skal innta litt mat og drykk i vår ringe heim i kveld. Det vert servert ein liten “best of”-meny. Det vert tilrådd øl, manzanilla eller fino sherry, eller ein lett raudvin.
Proletaren har og bakt ei kake med eksperimentelt innhald. Det ryktast at Trude også har bakt..
Vel møtt til dei innbydde.
desember 31st, 2004 at 19:12
Hei, og god jul!
Det vart altså ingen bergenstur på oss denne nyårsaftan, men håpar alle 13 får ein triveleg kveld…du må helse dei alle godt nytt år! Vi skal vere heime hjå Ingeborg og ha ei roleg feiring, det kjem sikkert litt folk og så får vi sjå kva vi finn på utover natta! Vi snakkast til veka. Godt nytt år!
januar 1st, 2005 at 18:31
Takk for igår! Eg vil berre takke og reklamere litt for det fabelaktige måltidet igår! Bjuutifull avslutning på året!
januar 1st, 2005 at 18:59
Hei H., no er det jul igjen. Ville berre takke, bukke og spørje om det vart att nokre restar
Mykje god mat og mykje godt selskap. A (nett oppe).
januar 2nd, 2005 at 2:51
litt restar er det. men ver rask..
januar 4th, 2005 at 21:34
No er det vel knapt nok smular igjen (- på den rike sitt bord?)