Dei gamle er eldst
Nokre vener var på middag (ja det var fiskegryte, nysgjerrigper) og dei hadde visst kome over ein test på nettet som me måtte prøve. På Spray.no kan du teste din mentale alder. Kameratane mine kom stort sett godt ut av det, medan eg vart 50 år eller eldre. I den samanheng er det berre naturleg at eg sit inne i dag og høyrer på Gillian Welch og drikk portvin.
Ta testen sjølv på:
http://na-prod.tv2.no/testorama/?id=34669
desember 6th, 2004 at 16:54
Eg vart 28 på denne testen, noko som må seiast å vere overraskande, men ganske nær sanninga. party on!
Nokre av spørsmåla var så som så: Kva er best; sprit eller cognac? Ja takk begge deler, var det ein som sa.
desember 7th, 2004 at 15:34
Eg var sikker på å bli olding, men resultatet vart faktisk 22 år! Dette var mildt sagt overraskande.
desember 7th, 2004 at 20:59
Kva har eg gjort gale?
desember 12th, 2004 at 15:25
Paraply
.. og slik går no dagane Eg trudde eg skulle slå følge med H i den mørke middelalderen, eg som…
desember 21st, 2004 at 23:05
HEY, HEY!!!
Jeg blei 25 år på testen, er veldig fornøyd. Men har visst funnet en eldre mann, Trond ble nemlig 40. Dere er omtrent i samme båt, Håvard.