2 - 1 til sonen!
Då er det nytt lag i leiing. Med gamle rifflister så vart det scoring, men no må beggje lag vise kreativitet skal kampen verte avgjord før jul. Eg veit ikkje om fattern har send inn lister i det siste, men han antyda at han var litt i beit for idear. No må eg få send adressa mi til herr Nielsen, slik at det vert flaxlodd før jul.
desember 5th, 2004 at 22:07
Gratulerer igjen! No blir det vanskeleg for gamlingen. Har framleis eit par lister som ikkje er komne på trykk. Time will show! Må kanskje vri dei små grå endå litt meir skal det bli Flax-lodd.
desember 5th, 2004 at 23:56
Ser ut til at det er litt forseinking i systemet, slik at du har nok sjansen dersom dei innsende listene er bra. Eg sende ikkje inn denne veka, så eg må nok hive meg rundt dersom eg skal vere med i neste omgang.
desember 6th, 2004 at 22:43
Ny liste send i dag. Så no har du all grunn til å bli stressa…………….