Archive for november, 2004

Fridag med atterhald

måndag, november 8th, 2004

Sov heilt til 1030 i dag, noko som er temmelg lenge for min del. Var på Motorsykkeldagøkene i går. Fin film. Kanskje litt langdryg. I dag har eg altså fri, men kona har sett opp ei lang liste med saker eg skal ordne, så den store fridagskjensla let vente på seg. Eg må ringje til […]

Laurdag, jau det betyr flaxlodd til familien.

laurdag, november 6th, 2004

For dei som les Bergens Tidene på laurdagar, så har dei sikkert sett at det er ein ny og relativt enkel måte å få seg fem flaxlodd. Du må sende inn liste med trivialitetar til Atle Nielsen. Dei som kjem på trykk får flaxlodd. Dei som følgjer godt med har kanskje sett at far min […]

I dag såg eg..

fredag, november 5th, 2004

På veg til butikken møtte eg eit tvillingpar på veg dit ein får kjøpe fargerike pastillar. Dei var ikkje likt kledd, men dei såg like slitne ut beggje to.
Elles var eg på polet og fekk den nye tingingslista. Og der var det mykje spanande for ein kar som meg som likar nord-Rhone. Cote Rotie frå […]

Verda sin mest upopulære mann har fått fornya tillit.

onsdag, november 3rd, 2004

Bush er truleg klar for fire nye år med terrorisering av fattige og uskuldige menneske i eit land langt borte og utarming av sitt eige land. Dei rike og mektige kan sjå fram til gode tider for seg og sine. Tre gonger tre hurra.

Biroller

måndag, november 1st, 2004

Var på kino på laurdag og såg den romantiske bablefilmen “Før solnedgang”. Det var visst ein oppfølgar til ein film som kom for ni år sidan. Meir info kan de finne ved å google litt, eller sjå kinoen sine nettsider. Det eg ville bidra med, var at eg såg ein norsk kjendis i filmen. I […]