Infrared goddamit!
Var ein tur på Kvarteret i går kveld (det vart seint) og støtta Kafe Kafaan. Nuvel. Det var no musikken eg kom for. H G vart med for å høyre på. I tilleg til Goddamit fekk me høyre litt frå Mathias Tellez og Major Parkinson. Ok. Unge Tellez and that`s it er ein ung fyr som tydeleg er inspirert av Sondre Lerche, men rockar litt meir.
På klubbmøtet i Kamerklubben i kveld fekk me sjå bilete teke med Kodak EIR infraraud diasfilm. Spanande og inspirerande. Denne kostar skjorta, men du og du for nokre bilete det kan bli.
november 27th, 2004 at 13:25
Korleis spelte Goddamit? ( Må innrømma at eg ikkje heilt likar dette namnet……)
november 28th, 2004 at 15:38
Jaudå, dei spelt som på det jamne. Det var lite folk i salen, så kanskje det sette ein dempar på spelelysta. Har ikkje snakka med karane etterpå, eg veit ikkje kva dei sjølve tykte. Det var litt meir trøkk då eg høyrde dei på eit lite halvprivat arrangement i Speilsalen for ein månad sidan eller så. Dei har nokre fine låtar med morosame refreng og dei avslutta med Trashy Trash.