1-0 til fattern på feige knep
Eg prøvde meg denne gongen med nokre heimalaga musikklister, då eg trudde dette skulle fengje godeste Nielsen, men nei. Denne gongen gjekk han for ei resultatliste frå eit skeiselaup på sekstitalet som fattern hadde grove fram frå hukommelsen eller eit kott. Dersom det er slik det skal vere, så kan eg alltids sleike herr Nielsen oppetter ryggen med avskriftslister henta på internett.
Men eg let meg ikkje knuse, så eg gjekk ut og tok nokre bilete av den vakre vinteren (sic) her i Bergen. Seinare kom A og E på vitjing og det vart fotosnakk og litt mørkeromsarbeid.
november 20th, 2004 at 20:56
Dei gamle er framleis eldst! Resultatlista frå det historiske skeiselaupet i Squaw Valley februar 1960 er sirleg nedskriven av bror min i heftet “Alt om skøyter”, utgitt av forlaget Sportsmanden, innkjøpt for kr. 3,50 på Bokhandelen i Sogndalsfjøra. Ikkje berre sluttidene, men også alle rundetidene er sirleg førte inn. Eg hugsar faktisk den ekstatiske opplevinga under laupet (4. par), me tre brørne sat klistra til radioapparatet. Det var fyrste gong nokon gjekk under 16 minuttar på mila. Parkameraten til Kuppern var amerikanaren Uhrlass, han kom over minuttet etter i mål. Men eg hugsar enno spenninga og angsten då russaren Kositskin 2 par seinare lenge låg føre og delvis likt med Kuppern. Men til alt hell kom han omlag 2,5 sek. for seint i mål. Nestbeste nordmann vart Torstein Seiersten på 6. plass. Han berga såleis eitt olympisk poeng.
november 21st, 2004 at 13:11
Nei til kopierte lister, ja til kreativitet og fantasi!
november 21st, 2004 at 20:50
Javel, det er berre å sende inn. “Tenke det, ønske det, ville det med, - men gjøre det….” Kom igjen med kreativiteten!
november 21st, 2004 at 20:55
Eg har hatt trivia lister på trykk i Bt. Det må purringar via lesarombod og redaktør skal det verta vei i vellinga. Venter på mine flaxlodd etter Terje Tyslands lista som sto på trykk forv 1 og ei halv veke. Det tar 4 dagar frå Bergen til Osterøy som B-post. Det er uansett berre skrap (e) lodd ein mottek. Dette til orientering.
november 21st, 2004 at 21:36
Meiner du (Kurt) at ein må kurtisere redaktørar for å få listene på trykk? Eg visste ikkje at far min dreiv med slikt. Også du min far, Brutus.
november 24th, 2004 at 21:12
Ingen dirty tricks her, nei!